Strålande Volda-dag på bortebane

Det vart mykje å juble for i Strandahallen i dag! Jenter fødd 2011 leverte strålande handball og sikra tre sigrar!

Jentene møtte Stranda, Godøy og to Sykkylven-lag. Volda sikra seg sigeren i tre av fire kampar, rapporterer Cecilie Åmås, som også har tatt bileta.


– Det var stor stemning både på tribuna og på bana, og utruleg kjekt, fortel heiagjengen.


– Heia Volda!!

Også trenarane Erik, Elisabeth og Andreas er stolte over innsatsen og samhaldet i laget. Dei skriv følgjande på lagsida til J11 i kveld:

Vi er så stolte av Volda J11!❤️
For nokre jenter!
Vi er stolte av å sjå korleis dei i dag jobba i forsvar. Det er kjekt å sjå at dei meir og meir kjemper saman, snakker saman og stopper motstandarane – saman!
Vi blir ekstra stolte når vi ser at dei meir og meir får til det vi har jobba for i fleire år, fart på ballen og fart på beina. Og når dei då finn kvarandre og lukene, så gir det ekstra glede – i heile kroppen! Vi blir stolte av å sjå at fleire og fleire våger å gå på i angrep, dei finter, hopper og skyt.
Vi er stolte av at vi har 21 jenter på laget! Det er ikkje ei sjølvfølge. ❤️ Og når dei er så kjekke i tillegg, så er det ei stor lykke for oss trenarane!
Vi er også stolte av at J11 har ei så fantastisk foreldregruppe! Her heier vi på eigne barn OG andre sine barn! ❤️ Og at det i dag, samla, sit att ein heil gjeng med foreldre og heier for fult, også etter at dei sjølve er ferdig for dagen, det gjer oss ikkje berre stolte, men også rørte og takknemlige!
Takk! ❤️både til foreldre og spelarar!
⭐️ Erik, Andreas og Elisabeth ⭐️