Klare for handballskule
Det er duka for mykje handballglede når Rema 1000 handballskule vert kasta igang måndag. Tre dagar med aktivitet, idrettsglede og gode opplevingar ventar!
Det er tett på 70 påmeldte til handballskulen. Vi byrjer kl 0900 måndag. Alle får ball og t-skjorte, og det vert servert lunsj og frukt.
Informasjon er sendt ut til føresette om det praktiske, som garderobenummer, registrering, kven ein kan ringe for spørsmål og betaling. Det heng lappar på garderobedørene, så det skal vere enkelt for deltakarane å finne “si” garderobe.
Vi gler oss skikkeleg, og håper det vert råkjekke dagar i hallen!