Mål med meining! Scoringsbonus frå Sparebanken Møre
Mål med meining! Sparebanken Møre gir scoringsbonus for kvart mål - til ei god sak.

Mål med meining!

Kvart scora mål av Volda handball gir oss sjølvsagt stor glede, og snart håper vi elitedamene skal skyte seg til fornya kontrakt i toppen av handball-Noreg. Men visste du at kvart mål også gir pengar til eit godt føremål, vald ut av spelarane sjølve? Snakk om ekstra motivasjon! Det heile er det vår utruleg rause generalsponsor Sparebanken Møre som står bak.

For kvart mål Volda-damene scorer i eliteserien bidreg Sparebanken Møre med 180 kroner. Pengane skal gå til eit godt føremål, valde av spelarane sjølve.

– Dette er både motiverande og veldig meiningsfylt, og vi er takksame for at vi har ein generalsponsor som bidreg på ein slik måte Sparebanken Møre gjer, seier styreleiar i Volda handball, Norodd Dyrhovden.


Ei rekning dei gler seg til å få

Dette er ei rekning banksjef Mette Ryste tek med stor glede: – Handballjentene våre og Volda Handball er viktig for bygda! Det er difor veldig kjekt å legge til rette for at dei kan få bidra til at andre gode formål i bygda kan få tildelt pengar, og i tillegg få merksemd og eit klapp på skuldra, seier Ryste.

Det er spelarane sjølve, saman med dagleg leiar Solveig Storeide, som vel ut mottakaren av sluttsummen.

– No har vi fått enno ein god grunn til å dundre inn mål. Dette set vi uendeleg stor pris på, seier Storeide – som alltid entusiastisk.


Når kan du heie fram mål?

Scoringsbonusen gjeld både ved heime- og bortekampar, så det er berre å kome og støtte opp om handballdamene våre der dei speler! Neste moglegheit er heime på eigen parkett mot Sola, som kjem på besøk på sjølvaste kvinnedagen 8. mars.

Vidare møter Volda Byåsen heime, Molde borte, Larvik heime og Ravens borte – så det er mange høver til både å heie og for spelarane til å legge kraftig på bonusen.

Hurra for Volda-mål og generalsponsoren vår, Sparebanken Møre!

Mette Ryste (Sparebanken Møre) og Norodd Dyrhovden (Volda Handball) signerer sponsoravtalen.