Elitespelar Hanna Ræstad med nokre av dei kjekke deltakarane på handballskulen.
Hanna Ræstad frå elitelaget var sportsleg ansvarleg på handballskulen, og fekk vere instruktør for ei rekke kjekke spelarar.

Draumedagar i hallen!

Venskap, idrettsglede, samhald, dugnad, læring, glade born og flinke instruktørar – slikt vert det kjekke feriar av! Handballskulen i vinterferien baud på entusiasme over ein lav innesko.

I år som i fjor vart det arrangert Rema 1000-handballskule i Volda Campus Sparebank1 Arena over tre dagar. Deltakarar og arrangørar melder om dundrande suksess!

– Frå A til Å, oppsummerer dagleg leiar i Volda handball, Solveig Storeide:

– Kanonbra påmelding, eit instruktørkorps vi er stolte av, store smil og mykje moro. Meir kan vi ikkje ønske oss, gliser ho, før ho legg til at det jo er ein ting: – Neste år skal vi tilby enda fleire plassar! Vi måtte ha venteliste i år, men ambisjonane må vere å sørge for at alle som har lyst å delta på handballskular i feriane skal få plass. Planane må vere å hyre inn fleire instruktørar og utvide!


Dugnadsfolket er heltar!

Det er mange som bidreg for at handballskulen skal bli slike kjekke dagar, og Solveig har stått på hovudet i organisering. Men det er andre ho heller vil rose for at borna kunne kombinere læring med leik på ein trygg og god måte:

– Vi har hatt DET stjernelaget med Cecilie og Sigridur i spissen. Utan dei, ingen handballskule! Kioskteamet leia Sigridur med Laith og Hamza frå læringssenteret på laget diska opp med lunsj, Hanna frå elitelaget hadde det sportslege ansvaret, med opplegg signert Hilmar. Linda og breiddegjengen i klubben har stått på med planlegging og førebuing, ramser Solveig opp.

– Vi har hatt DET stjernelaget!

Solveig om alle som har bidratt til å lage draumedagar for små handballspelarar.


– Og så har du dei som bidreg undervegs når vi må kaste oss rundt. Jill, Fanny… ja, det er så mange! Vi er heldige, konstaterer den daglege leiaren: – Eg vil gjerne rose kvar og ein! Vi er så avhengige av dugnadsbistand for å få til ting, og her er entusiastane våre fantastiske.

Stjernelag! Utan frivillige, ingen handballskule. Her er primus motorar Sigridur og Cecilie til venstre, saman med resten av «onsdagskorpset».


Gode førebilete!

Ros deles også ut i store mengder til instruktørane. Her får borna førebilete!

– Elite, rekrutt, J16, J15 og J14 har alle bidratt her. Dei er så gode ambassadørar for klubben og førebilete for spelarane. Og eg trur det er vel så kjekt for instruktørane som for deltakarane. Store smil, mykje moro, skildrer Solveig.

Kiosken med lunsj og gratis frukt var også veldig populær. God og sunn mat, med gratis frukt frå sponsor Rema 1000 på menyen gjorde susen for dei aktive små og store.

Populær gjeng! Kioskteamet leia Sigridur med Laith og Hamza frå læringssenteret på laget, diska opp med lunsj.


Godt opplegg frå handballforbundet og Rema 1000

Noko anna arrangørane er nøgde med, er opplegget frå handballforbundet og sponsor av handballskule-opplegget, Rema 1000. – Det er velorganisert, og kjekt at borna får t-skjorte, ball og gratis frukt. Det gjer det enklare å fylle på med det vi må gjere lokalt, oppsummerer den daglege leiaren.

– Vi gler oss til neste handballskule!!