Innkalling til årsmøte i Volda Handballklubb

Styret kallar inn til årsmøte i Volda Handballklubb.

Årsmøtet vert helde på Volda Campus Sparebank1 Arena, Torsdag 23.03.2023 kl. 19.00.

Saker som eit medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 13.03.2023 til Volda Handballklubb, Joplassvegen 1A, 6106 Volda og/eller post@voldahandball.no.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli lagt fram for medlemane seinast 16.03.2023 på heimesida til Volda Handballklubb.

For å ha stemmerett må eit medlem ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemer under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valbarheit, forslagsrett mv., sjå idrettslaget si lov § 5 til § 8.

Velkomen til årsmøte!

Med venleg helsing,
Styret