Heimekamp mot Sola

Etter ein kort landslagspause er det klart for ein ny heimekamp onsdag når Volda skal møte Sola. Korleis har laget førebudd seg til denne kampen, Halli?  

– Vi har til liks med ein del andre lag vore noko prega av sjukdom på ein del sentrale spelarar, men no ser vi fram til å få ei skikkeleg kampveke med to tøffe kampar, fortel Halli.

– Sjølvom tabellsituasjonen tilseier at det sannsynlegvis blir kvalik på oss, blir dei resterande kampane viktige. Vi må fortsette å jobbe hardt for å bli betre dei neste vekene, og det arbeidet må visast igjen i kampane som vi har igjen. Vi må få fram tøffare forsvarsspel, og få til meir fart og bli meir direkte i angrep. Vi har no mulegheiten til å spele heilt uten høge skuldrar i dei neste kampane, og der vi kan sleppe oss litt meir laus. Eg håper at vi ser eit lag som krigar for å overleve i dei neste kampane, og at publikum støtter oss i det arbeidet.

– Sola er eit lag som har vore litt prega av skader i det siste, men samtidig kjem dei frå veldig sterke resultat i NM. Dei har spelarar som er veldig sterke ein mot ein, og vi må kunne stå i dei duellane og få forsvarsspelet til å fungere. Framover så må vi brette ut spelet meir, og tørre å bruke heile bredda på bana. Få meir frå vingane våre, opne strek og skape så mange enkle sjansar som muleg frå ankomst og 1. tempo.

– Vi håper at vi ser mange i hallen på onsdag. Det er ikkje ein sjølvfølge å ha eit eliteserielag i bygda som spelar mot nokon av verdas beste handballag, avsluttar Halli.

Volda – Sola har kampstart 8. mars kl. 19.00 i Volda campus Sparebank1 arena.