Optimisme før Byåsen

På onsdag såg vi eit solid Volda-lag som var skarpe i angrep og tøffe i forsvar mot Sola. Kan de bygge vidare på denne gode prestasjonen mot Byåsen, Halli?

– Ein svært skuffa gjeng gjekk av bana etter kampen mot Sola onsdag. Vi følte at vi hadde jobba hardt nok til å fortene iallefall eitt poeng, men sånn er idretten, den kan vere nådelaus, fortel Halli.

– Det vi tar med oss er mange flotte perioder i kampen. Vi klarer å reise oss igjen når vi får motgang, og snur kampen to-tre ganger iløpet av 60 minutt. I mange kampar dei siste månedane har alt kollapsa når det har gått dårleg for oss, men slik var det ikkje på onsdag.

– Eg synes vi såg eit Volda-lag som kunne sleppe seg meir laus, og våga å å ta sjansar både i angrep og forsvar, og styrte tempoet mot eit av eliteseriens beste lag. 

– Eg er utruleg stolt av jentene spelar ein slik kamp etter fleire tunge veker, sjølv om vi alle var skuffa over at vi ikkje sat igjen med poeng. No gjeld det å klare å gjenta denne prestasjonen når Byåsen kjem på besøk på søndag. 

– Byåsen er eit lag som mange meiner har underprestert denne sesongen. Dei har mange gode spelarar i stallen, så det blir ikkje noko lettere for oss enn mot Sola å hente poeng i denne kampen. Men etter prestasjonen mot Sola så har vi trua på at vi kan vinne.

– Vi håper også at publikum ikkje har tatt ein tidleg ferie frå handball. Vi blei litt skuffa over kor få det var på tribuna onsdag, men de som var der – for ei støtte de leverte! Dette følte vi og inspirerte oss gjennom heile kampen, så eg vil sterk appellere om at vårt store entusiastiske publikum møter opp på søndag, avsluttar Halli. 

Volda har så langt i sesongen eit publikumsnitt på ca 750 per kamp, så vi håper på minst like mange møter opp søndag 12. mars, avkast er kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena!