Kven er best i Møre og Romsdal?
Søndag reiser Volda til Romsdal for lokaloppgjer mot Molde. Vi har spurt Halli om kva vi kan forvente i kampen mot medaljekandidaten.
– Vi har vore veldig klare til å spele ny kamp etter tapet mot Sola. Dessverre så måtte Byåsen-kampen utsettast, og derfor har det vore litt lenger pause enn vi har ønska. Men som vanleg så har vi trent bra, det har vore mykje tempo på trening og jentene har gjort det dei skal, fortel Halli.
– Sist gong vi møtte Molde så tapte vi altfor stort mot dei. Vi hang ikkje med i kampen og spelte langt ifrå vår beste kamp. Samtidig må det seiast at Molde viste musklar og spelte bra mot oss.
– Vi har lyst til å utfordre storesystra i fylket på søndag, og vi har tru på at vi kan klare ta med oss to poeng til Sunnmøre, avsluttar Halli.
Kampstart Molde – Volda er kl. 17.00 søndag 19. mars i Molde arena.