Håper på opptur mot Byåsen

Store trafikkproblem førre helg førte til at kampen mot Byåsen måtte utsetjast. Onsdag er trøndarane på plass i Volda, og vi har spurt Halli om hans tankar før oppgjeret.

– Vi var veldig skuffa etter kampen mot Molde der vi hadde høgare forventningar til oss sjølve enn vi fekk vist. Det går litt opp og ned denne sesongen, og no må vi fokusere på å få til ein betre prestasjon mot Byåsen, fortel Halli.

– Vi møter eit lag som har kanskje underprestert denne sesongen. Byåsen har utroleg mykje kvalitet i spelarstallen, og vi møter eit lag som på papiret er blant dei beste laga i serien.

– Fyrst og fremst må vi finne frem forsvarsspelet vårt igjen. Der sleit vi skikkeleg mot Molde, og dermed blei det også vanskeleg for målvaktene. Vi må også angripe kampen med den same innstillinga som vi hadde mot Sola. Der klarte vi å køyre på og sleppe oss litt meir laus på bana og jobba for kvarandre både bakover og framover.

– Vi håper at vi kan vise publikum eit heilt anna Volda-lag enn vi fekk vist i Molde, avsluttar Halli.

Kampstart er onsdag 22. mars kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena.