Vil tukte Larvik

Det er klart for årets siste seriekamp heime, og denne gongen er det Heidi Løke og co frå Larvik som kjem på besøk. Etter ein god prestasjon sist mot Byåsen, kan vi håpe på poeng denne gongen, Hali?

– Det er mange positive ting å ta med seg frå kampen mot Byåsen, jentene leverer ein fin kamp. Få tekniske feil i forhold til snittet vårt, bra prestasjon i mål, mange fine perioder i forsvar og sjelden har vi skapt så mykje framover. Dessverre så var keeperane hos Byåsen veldig bra i denne kampen, og står i vegen for at vi scorer fleire mål, seier Halli.

– No har vi fått to fine kampar på rad på heimebane, og vi føler at det gjev oss sjølvtillit fram mot kampen mot Larvik. Vi møter som alltid eit bra lag, men vi føler at vi kan vise meir muskler enn vi gjorde mot Larvik sist gang vi møttes.

– For oss så handlar det om å krige for kvar einaste ball og gje alt i forsvarspelet vårt slik at vi tek eit nytt steg på søndag.

– Vi har vore skuffa over oppmøte i dei siste kampane. Dei som møter opp lagar mykje lyd og god stemning, men eg meiner jentene fortener at mange fleire stiller opp på tribunene, fortel Halli og avsluttar med følgande appell til publikum: Det er ikkje berre laget som må jobbe fram mot kvalik, men også publikum – så kom å støtt jentene!

Kampstart er søndag 26. mars kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena.