J2010: Super seriefinale – og meir i vente!

Det var garantert Volda-siger då J2010 avslutta serien med internkamp i helga. Volda 1 og Volda 2 leverte ein strålande kamp (16-13), og feira etterpå. Men sesongen er ikkje over…

Jenter fødde 2010 er ei stor spelargruppe, og stiller med to lag i serien. Humøret og spelargleda var som vanleg på topp i gjengen, sjølv med kampstart klokka 10 ein søndag etter klokkeskruing!

Også på tribuna var stemninga god under sesongavslutninga og internkampen, som altså enda 16-13. Siger til Volda, uansett!

Etterpå var det duka for feiring med både spelarar, støtteapparat og foreldre. Gjengen samla seg på sosialt rom i hallen med mat på fat og felles lunsj med både foreldre og sysken. Stas med gratis kaffi frå sponsor Ørsta bil og gummiservice!

Sjølv om seriespelet er over, er det ikkje slutt på sesongen! No trenar dei vidare med mål om å reise på NordfjordCup i slutten av april. Og ein ekstra godbit ventar: Før sesongslutt har dei planar om å spele kamp mot foreldra! Det vert utan tvil eit sjåverdig oppgjer.

Vi ønskjer jentene lukke til i oppladinga til cup og storkamp. Heia Volda!!