Klar for siste serierunde

– Siste seriekamp i årets Rema 1000 liga er på onsdag og bortekamp mot Romerike Ravens. Etter fleire jamne kampar håper Halli at kamputfallet endeleg kan vippe Voldas veg.

– Vi hugsar godt kampen mot Romerike sist der vi klarte å vise både våre verste og våre beste sider i ein og same kamp. Vi meiner at vi har vore spelemessig på veg opp i dei siste kampane, har fått litt meir sjølvtillit ettersom fleire delar av spelet vår har stemt. Vi har lyst til å fortsetje denne trenden onsdag, og kjem til å gje alt vi har. Etter denne kampen blir det ein lang kamppause, så det er ingen grunn til å spare seg, fortel Halli.

– Kampen mot Larvik var i mange perioder noko av det beste vi har vist i sesongen. Mange utruleg flotte angrep der vi klarer å spele ut motstanderen og opne opp for fleire gode sjansar. Men for å kunne slå ein av seriens beste lag så må bortimot alt stemme, og det gjorde det nesten.

– Romerike har eit flott lag og har sikkert også lyst til å avslutte sesongen på en god måte, så vi er førebudd på ein tøff og spennande kamp, avsluttar Halli.

Romerike Ravens – Volda er 29. mars i Skedsmohallen og startar kl. 18.15. Tv2 play viser kampen.