Imponerande J2008 og J2009!

J 2008 og J 2009 har hatt ein kanonsesong på parketten – og vi kan forsikre om at innsats og miljø er minst like bra, også utanfor bana! Då er det ekstra kjekt at dei dyktige jentene fekk seg ein serieavslutningsfest som sto i stil.

Tekst og foto: Elisabeth Mork.

Etter ein flott sesong med flust av gode kampar ordna Sosialministeren vår, Ståle Mork, med seriesluttfest med bowling og pizza.

Vi la i veg mot Ulstein med handballbilen i front, og kosa oss med to runder bowling og nydeleg pizza. Kjekt var det både for trenarar og spelarar! Her er det berre god stemning!

Sidan underteikna har mest med 14-åringane å gjere, må eg berre få skryte av ein fantastisk gjeng med kjekke jenter! Ikkje berre er dei supre å vere saman med utanfor bana, dei er nokre råskinn ute på bana også. Under Turid, Jan Helge og Kristin si kyndige leiing har desse jentene vunne b-serien med toarlaget, og jammen fekk dei ikkje ein imponerande andreplass i A-serien også! Her var det berre eitt poeng frå førsteplassen. Då blir det sluttspel for Trønder Energiserien for 14-årsklassen 14.-16. april i Ålesund. Her skal dei møte dei beste laga frå Sunnmøre, Nordmøre, Romsdalen og Trøndelag. Det blir spennande, men mest kjekt! HEIA VOLDA!

Det må også nemnast at i ryggen på dette laget står ei særs positiv foreldregruppe som både er og skaffar gode sponsorar. Saman er vi dynamitt! 🫶🏼🤾🏼‍♀️ Elisabeth