Serievinnarar!

Volda 2 er klare for kvalifiseringsspel til 2. divisjon! Det vart ei nervepirrande avslutning på seriespelet på bortebane, men Volda sikra poenga dei trengte mot Utleira.

Volda 2 klarte det! Dei vann si avdeling i tredjedivisjon etter ein spanande kamp mot Utleira 2. Våre kvinner vann til slutt med to mål, 28-26. Toppscorar vart Erle Aandal med 11 mål.

No ventar kvalifiseringsspel om opprykk til spel i andredivisjon mot Selbu og Narvik/Ofoten Regionen HK.

Vi gratulerer trenar Hilmar Guðlaugsson og dei strålande spelarane, og ønskjer seriemeistrane god tur heim frå Trondheim!