J-14 til sluttspel i regionsserien

Under Turid, Jan Helge og Kristin si kyndige leiing har dei supre jentene frå Volda handball J-14 (2008) vunne b-serien (fylkesserien for Møre og Romsdal) med toarlaget, og jammen fekk dei ikkje ein imponerande andreplass i vår pulje i A-serien også!

Det er ein serie som dekkjer heile regionen – Møre og Romsdal og Trøndelag. Her var det berre eitt poeng frå førsteplassen.

Sluttspel for Trønder Energiserien for 14-årsklassen gjekk av stabelen 14.-16. april i Ålesund. Her møtte dei dei beste laga frå Sunnmøre, Nordmøre, Romsdalen og Trøndelag. Vi fekk låne minibussen til Volda handball fredag og laurdag, og var klare for første sluttspelkamp fredag mot Midsund. Det vart siger 19 – 7 til voldajentene, mange på skåringslista og god stemning i bussen heim.

Laurdag var superjentene igjen klare for kampar. Først møtte vi Rørvik, som vi slo med sju mål, 10-17. Turid og Jan helge stod opp i griseotta og køyrde til Ålesund for å sjå kamp mellom Rørvik og Frol, og dei hadde taktikken klar. Seinare på dagen møtte jentene våre også Frol. Denne kampen vann dei komfortabelt 17-11. Volda j-14 var såleis klare for åttandedelsfinale utpå ettermiddagen. Etter pizzapause, hadde vi god tid til oppvarming før kampen.

Det vart ein intens kamp med skyhøg puls både på banen og tribunen. To sekund før kampslutt utlikna Volda, og sluttresultatet etter normaltid var 13-13. Stemninga var heilt elektrisk, og alle trudde det vart ekstraomgongar for å avgjere kven som gjekk vidare. Det stemte ikkje. Det var tre minutt speletid og sudden death som gjaldt. Hutte-meg-tu. Byneset fekk starte med ballen, rota den vekk, Volda fekk eit angrep, men skotet gjekk ikkje inn. Då let ikkje Byneset sjansen gå frå seg og skåra frå ving. Endeleg resultat 14-13, og Byneset gjekk vidare til kvarfinale. Voldajentene måtte dermed skuffa konstatere at vi ikkje gjekk vidare i sluttspelet. Ein ting er i alle fall sikkert; Volda hadde ikkje marginane på si side i siste kampen, og kanskje er ikkje ordninga med sudden death optimal.

Dette laget får vi uansett sjå meir til. Det er ein fantastisk kjekk gjeng med unge talent som støttar kvarandre både på og utanfor bana. Dei vinn som eit lag, og dei tek tap som eit solid lag også. Bra jobba på alle nivå i og rundt laget! No ser vi fram mot OKEA-cup i Kristiansund siste helga i april, med rykande ferske t-skjorter som premie for beste lag i b-serien i bagasjen.

Heia Volda!

Tekst og foto: Elisabeth Mork