Nysignering: Velkomen, Rikke Jensen!

Den danske toppseriespelaren Rikke Jensen har signert ei to-års avtale med Volda HK. Rikke kjem frå Ringkøbing i dansk toppserie. Ho er fødd 1995 og har i 10 år spelt på øvste nivå i Danmark og Sverige. Fyrst for Midtjylland og seinare for Sävehof. I begge klubbane med spel i Champions League.

Den 189 cm høge bakspelaren har vore ei viktig brikke laga ho har spelt i, og er fyrst og fremst kjent som ein svært god forsvarspelar. Ho beskrivast også som ein god skyttar. Med si lange erfaring frå spel i skandinaviske toppklubbar trur vi ho vil tilføre rutine og tryggheit i Voldatroppa.

Sjølv fortel Rikke at ho ser fram til å kome til Volda. – Jeg ser frem til et norsk eventyr og til at opleve en ny håndboldkultur, hvor jeg vil forsøge at byde ind med dét, jeg nu engang kan! Og så glæder jeg mig bare til at møde holdet og alle omkring!

I ein kommentar uttalar vår hovudtrenar Reidar Møistad:

– Vi er veldig glad for å presentere år nyaste signering som kjem med lang erfaring frå både dansk og svensk toppserie. 

– Saman med FC Midtjylland blei Rikke dansk meister alleirede i 2015. Ho kjem til å tilføre laget vårt veldig gode defensive ferdigheiter, og vil gje oss fleire alternative av forsvarssystem . Med sii høgde og skuddarmen vil ho også gje oss fleire muligheiter i angrepsspelelet. 

– I tillegg, og kanskje aller viktigast: Ein ekstrem positiv tilgang til spelet og medspelerar. Vi er glade og stolte for å ønske Rikke velkomen til Volda Handball