Comeback for Ingrid!

3. august 2022. I det ho skal ta ei finte i ein treningskamp mot Charlottenlund smell det i kneet til Ingrid Jamtli Rye. Etter kort tid blir det klart at både korsband og menisk har roke av, og Ingrid vil gå glipp av heile debutsesongen i Rema 1000-ligaen. 

Dette blei eit stort tap for Volda, som med dette miste både ei forsvarsklippe og ein spelar som i førre sesong hadde hamra inn 107 spelarmål. For Ingrid venta det både operasjon og langvarig opptrening. Dette skjedde i august i fjor. Men kva no? Eg møter Ingrid i resepsjonen på VCA før ho skal på trening. Ja du las rett, trening saman med resten av laget. For no er ho endeleg klar til gradvis å trene meir og meir med sikte på comeback til neste sesong.

Korleis går det med opptreninga?

– Det har eigentleg gått veldig bra, eg har heile vegen vore litt framfor i forhold til prognosene. Og no får eg endeleg også vere med litt på treningar saman med laget, fortel Ingrid.

Korleis har du gått fram for å kome så langt med opptreninga som du er no?

– Mykje av opptreninga har jo vore kjedeleg og krevd mykje tolmod. Den aller fyrste tida fekk eg berre «sykle» utan å trakke pedalane rundt. Sidan så opplevde eg det som ein personleg seier for kvar nye ting eg kunne få gjere,  for eksempel å få gå på tredemølle. Det har også endra haldninga mi til jogging. Før så hata eg å løpe, men no gler eg meg kvar gong og joggar minst to gongar i veka, smiler Ingrid.

Korleis reagerte dei andre på laget då du blei skada?

– Dei syntest det var utruleg trist, særleg når vi endeleg hadde klart å rykke opp til eliteserien, og så skulle eg ikkje få spele.

Du har fulgt med laget frå sidelinja denne sesongen, korleis har det vore?

– I starten av sesongen gjekk det nokså greitt, men etter kvart som eg har fått lov til å trene meir og meir så merkar eg at det kriblar etter å vere utpå der sjølv. Det er ikkje så mykje ein får gjort når ein må sitje på benken, bortsett frå å gje råd til spelarane utifrå det eg ser i frå min posisjon.

Etter at handballkarriera starta heime på Flisnes spelte Ingrid mange år for Blindheim (foto: Privat)

Då Ingrid kom til Volda før sesongstart i 2018, hadde ho lenge vore på blokka til Halldor. – Halldor kontakta meg i 2017 då eg spelte for Ålesund som det året rykte ned til 3. divisjon, men eg var veldig innstilt på at eg ville gjere meg ferdig på vgs fyrst. Dermed så blei eg eitt år i Spjelkavik før eg kom til Volda.

Det var også eit tid snakk om ein muleg overgang til Malaga og spansk handball, var det aktuelt?

– Vi hadde vore på treningleir med skulen og spelt mot Malaga på hausten då eg var 18. På vinteren så drog eg og far tilbake dit, og eg trente med dei ei stund. Eg følte meg ikkje heilt klar for å flytte dit, så det blei egentleg ikkje så aktuelt, fortel Ingrid som legg til at faren hennar har vore sentral i store delar av handballkarriera.

– Eg starta nok blant anna fordi pappa var handballtrenar, og så har eg ein sju år eldre bror som spelte handball. Eg begynte med handball då eg var rundt 10 år, vi trente i ein gymsal på Flisnes der eg er ifrå. Så blei vi ikkje mange nok til at vi hadde lag på Flisnes, så då begynte eg og ein del venninner på Blindheim der far min var trenar. Der var eg til eg var rundt 16 år, og då spelte eg for Spjelkavik i kombinasjon med samarbeidslaget Ålesund.

Ingrid på veg gjennom forsvaret til Volda sitt J99-lag (foto: Privat)

Hugsar du korleis det var å kome til Volda?

– Eg hugsar eg grua meg litt, for eg kjente ikkje så mange her. Det var mykje nytt, og eg er nok den typen som likar det vante og trygge. Men så blei eg godt kjent med Fride som kom til klubben samtidig med meg, og fleire andre så det gjekk etter kvart fint.

Ingrid fortel at ho har ein nokså travel kvardag, med jobb i Ålesund og pendling til treningar i Volda. Då vi skulle avtale tidspunkt for intervju måtte vi derfor koordinere det med ferjetidene på Solvavågen – Festøy.

Får du tid til å dyrke andre interesser handball?

– Når eg pendlar så er det ikkje tid til så mykje anna enn trening og jobb, så det blir litt å sjå filmar saman med familie og vener når eg har tid, fortel Ingrid og kan avsløre at ho er på god veg inn i forsikringsbransjen.

– Då eg kom til Volda så begynte eg på barnehageutdanninga, men fann nokså fort ut at det ikkje var noko for meg så eg slutta der. Mor mi jobba i Granne forsikring, og dei trengde hjelp til innføring av eit nytt datasystem, så sidan 2019 har eg arbeidd der som kundekonsulent. No held eg på å autoriserar meg slik at eg etter kvart skal bli forsikringsrådgjevar, fortel Ingrid.

Det er jo ein bransje som er basert på at framtida er usikker, kva trur du om framtida for Volda handball?

– Eg håpar sjølvsagt at vi skal klare kvaliken. Det blir også veldig spennande med ny trenar, for eksempel korleis han vil legge opp treningane, om vi skal halde fram med same spelesystem som i dag, eller om det blir forandringar. 

Rekk du å bli speleklar til sesongstart?

– I juni har det gått ni månadar som ein reknar som minimum etter ein slik omfattande operasjonen. Fysioterapeuten min er positiv og seier at eg skal kunne vere klar til å delta i sesongoppkøyringa som startar i august, fortel Ingrid før ho må vidare for å gjere seg klar for trening saman med lagvenninene. Så då får vi krysse fingrane for at Ingrid kan kalle seg eliteseriespelar når ho til hausten gjer comeback!

Ingrid i kjent stil i ferd med å banke inn eitt av sine 107 mål i fjorårssesongen. Her i den avgjerande opprykkskampen mot Levanger.