Korleis vil DU ha det på kamp?
Vi har spelt siste heimekampen for sesongen, og sjølv om resultatet ikkje vart heilt som vi håpa på, var innsatsen på tribuna i verdsklasse. FOR eit publikum! Vi er utruleg takksame for støtta, og vi vil gjerne gjere det slik at du får det enda betre på kamp i sesongen som kjem. I samarbeid med Norsk Topphåndball deltek vi difor på ei kartlegging av publikum sine ønskjer og meiningar om å vere tilskodar. Les meir og svar om du vil bidra.
Norsk Topphåndball vil gjerne høyre kva du meiner om å vere tilskodar på kamp.
– Din mening betyr noe! Skriv dei på nettsidene sine, og inviterer alle til å delta i ei publikumsundersøking. Vi vil bidra, og inviterer med dette alle Volda-entusiastar til delta og seie si meining om å gå på kamp.
Norsk Topphåndball har undersøkt dette tidlegare, og kan samanlikne med undersøkingane frå sesongane før Korona-åra med restriksjonar. Vi gler oss til å få resultata, og forhåpentligvis gjere det enda betre å kome på kamp.