– Vi skal klare å reise oss
Etter ein svært skuffande kamp mot på onsdag der lite fungerte, må Volda vinne i bortekampen mot Oppsal på søndag for å ha sjanse til spele i eliteserien neste år. Korleis har de brukt dei siste dagane før denne kampen, Halli?
– Vi må heve oss fleire hakk på søndag, og har brukt dagane mellom kampane så godt som muleg. Vi har blant anna sett gjennom kampen på nytt for å finne årsakene til at det gjekk så galt. Før kampen følte vi at vi var i bra flyt både på trening og i treningskampane vi har spelt.
– I sjølve kampen blir det likevel eit stort steg tilbake. Vi klarer ikkje å få intensitet i forsvaret, og blir ståande veldig mykje åleine, med for lite fotarbeid og dårleg posisjonering.
– Vi klarer heller ikkje å få fart framover i overgangen mellom forsvar og angrep. Angrepsspelet vårt blir feigt og vi satser mot tribuna i staden for å gå på mål, og vi er for seine i returløp og kome oss i posisjon i forsvar.
– Men heldigvis for oss så har vi ein ny mulighet på søndag. Det er veldig lite som har endra seg, vi må fortsatt vinne to gonger mot Oppsal, og vi veit at det bur mykje meir i laget enn vi klarte å vise på onsdag. Alt startar med å få forsvarsspelet til å sitte, då får vi også med målvaktene og forhåpentligvis klarer å lage nokre kontringsmål. I angrepet så må vi vere aggressive, tørre å gå på mål og ta dei sjansane som Oppsal gir oss.
– Eg har trua på at vi klarer å reise oss og levere ein solid kamp på søndag. Vi har ofte denne sesongen hatt tunge perioder, men så klart å få fram god prestasjonar i neste kamp. Søndag er målet å kunne gå av bana med seier og vere fornøgde med det vi leverte på bana.
Kampstart er søndag 14. mai kl. 16.00 i Oppsal arena.