Avgjerande kamp om eliteserieplass
Etter ein imponerande snuoperasjon vann Volda borte mot Oppsal på søndag. Komande laurdag møtes laga på nytt til avgjerande kamp i Volda. Korleis skal Volda førebu seg til denne kampen, Halli?
– Før den fyrste kvalikkampen hadde vi tapt 15 kampar på rad, og hadde ikkje spelt ein teljande kamp på seks veker. Vi taper den fyrste kvalikkampen, og reiser ned til Oslo med kniven på strupa. Men framfor 800 på tribuna klarer vi å kome tilbake og vinne kampen, sjølv etter at vi i starten av kampen får fire kjappe utvisningar. Det viser at det bur ein enorm mental styrke i jentene, og at dei skal krige heilt inn for å ta plassen i Eliteserien. Eg er utruleg imponert over laget!
– No må vi bruke dagane fram til kamp så godt som muleg, sjå på det taktiske, justere og prøve å kome med noko nytt.
– Sjølv om vi spelar ein bra kamp på søndag, så syns vi at det fortsatt er meir å hente. Vi har dårleg utteljing på skot frå enkelte posisjonar. Vi klarer heller ikkje å få forsvaret til å sitje i 1. omgong, og manglar litt på relasjonen mellom keeper og forsvar utover kampen. Vi meiner også at vi har meir å gå på i 1.tempo kontringar og ankomstspelet vårt.
– For å vinne på laurdag så må vi få topp forsvarsspel frå starten av, og vi må fokusere på å løpe etter når vi vinn ballen, tempo framover blir viktig for oss gjennom heile kampen. Så må vi vise same intensitet som vi hadde på søndag, og vise at vi skal krige for å vinne og for ein plass i Eliteserien neste sesong, avsluttar Halli.
Til kampen er det GRATIS inngang for alle BARN (0 – 18 år) som har på DRAKT (alle typar drakt, for eksempel klubbdrakt, fotballdrakt, superdrakt). I tillegg vil alle i RUSSEDRAKT få gratis inngang. Desse kan berre kome på kamp, og treng ikkje tenke på å kjøpe på billett. For alle andre er det no lagt ut billettar for sal. Vi forventar over 1000 tilskoderar – kom å støtt Volda!
Kampstart er laurdag 20. mai kl. 17.00 i Volda campus Sparebank1 arena.