Ny trenarkapasitet tilsett i Volda handball
(Pressemelding:) Det er med stor glede vi kan melde at Thomas Ravn Reeh frå Odense i Danmark er tilsett som assistent til Reidar Møistad i team elite, trenar for 2. divisjonslaget og talentutviklar i Volda handball.
Partane har signert ei 3- årlig kontrakt(2+1) med intensjon om eit lengre samarbeid.
Thomas er 44 år, har hatt sivil jobb i politiet, men har lang erfaring både som trenar og talentutviklar. Han har mellom anna sju år i det Danske Handballlforbund og som talentsjef for HC Odense med fokus på jenter/gutar i alder 16-18 år. I SUS Nyborg var han hovedtrenar for herrelaget både i 1. og 2. divisjon.
Thomas fullfører denne hausten høgaste utdanning innan handballen, som EHF Master Coach.
Thomas uttaler:
– Eg har fulgt med norsk nandball i mange år, og for meg er dette ei ny og spanande reise til ein mindre norsk klubb, med ei historie som er imponerande. Eg ønskjer med min kompetanse å bidra til at klubben tek nye steg og at vi saman får fram fleire lokale talent som kan ta steget heilt til eliteserien. Eg gled meg til å kome til Sunnmøre med familien og møte folket og entusiasmen i Volda, som eg har høyrd mykje positivt om.
Arild Bakke i Volda handball team elite uttaler:
– I Volda Handball er vi svært glade for at Thomas takka ja til å gå inn i trenarteamet med Reidar Møistad, med fokus på spelar- og talentutvikling. Han vil bli sentral i elitelaget og få eit sjølvstendig ansvar for 2. divisjonslaget, samt sikre god spelarutvikling i klubben, både når det gjeld kvalitet og kvantitet. Vi er trygge på at Thomas også vil kunne bidra med sin kompetanse og lange erfaring som talentutviklar overfor samarbeidsklubbane. Volda har blitt regionslaget for damer på Sunnmøre og vi ønskjer å ta ei meir aktiv rolle for at regionen skal ta nye og heilt nødvendige steg.
Ved spørsmål, kontakt:
Thomas Reeh: mobil 00 45 26718623
Volda Handball, team elite: Arild Bakke mobil 905 22420/Bent Ingebrigtsen mobil 976 66520