Volda-jenter til talentsamling

Thea Brænde og Marie Mathea Aurdal er tekne ut til Regional talentsamling. Julie Hovden Ryste er teken ut som reserve.

Samlinga er for jenter fødd i 2008 og skal vere frå 22. – 25. juni på Orkanger. Der vil jentene møte andre talentfulle spelarar frå Finnmark i nord til Møre og Romsdal i sør. 

Våre Volda-jenter har lagt bak seg ein god sesong der laget mellom anna har vunne Okea-cup i Kristiansund og den lokale serien for J-2008. I ein kommentar til uttaket seier trenar Turid Bakke at alle er veldig målretta og treningsvillige. 

Volda handball er stolt over å sende slike flotte representantar for klubben til denne samlinga!

Thea er ein skikkeleg fighter, lynkjapp og playmaker med stor speleforståing
Marie Mathea er ein råsterk strekspelar og solid i forsvar
Julie er lynrask, fintesterk, og spelar både back og ving