Thomas er på plass

Etter eit trist tap i den avgjerande kampen mot Oppsal endte sesongen med nedrykk frå Rema-1000 ligaen for Volda. No er tårene tørka og jentene har på imponerande vis vore raske med å legge skuffelsen bak seg og ser offensivt fram mot neste sesong. Denne veka har vår nye assistenttrenar Thomas Ravn Reeh frå Odense hatt sine fyrste treningar med våre damelag.

Språkbarrierer er raskt blitt overvunne, og saman med ein superengasjert og inspirerende Thomas frå Danmark er denne gjengen i fullt driv med løpstest, styrketest, handballmoro og anna moro. Her byggast det lag, både på og utanfor bana!  Humør og gnist er på topp i ein flott gjeng, og målet for komande sesong er klart for våre to seniorlag: Rett opp igjen i Rema-1000 ligaen, og solid etablering i 2. div for vårt rekruttlag!!

Juni skal brukast til klargjering og kartlegging, saman med Reidar, Thomas og Team elite. Juli skal ein kvile, som i praksis betyr mykje eigentrening. Tidleg i august startar oppkøyringa, og når dommaren bles i fløyta skal våre damer vere godt førebudd og klare til dyst. Det er berre å glede seg til neste sesong, DET GJER VI!!


Om lag 90% av drifta til Volda handball er tufta på ein heil skokk med flotte frivillige som gjer ein imponerande innsats. Det at vi i tillegg er så heldige at vi har ein generalsponsor som er til di grader påkobla og støttande, er svært viktig og til stor hjelp. For Sparebanken Møre er det ekstra givande å bidra når klubben har eit slikt frivilligkorps. Vår nye assistenttrenar, Thomas Ravn Reeh, var sjølvsagt ein tur nedom og helste på denne entusiastiske generalsponsoren , her representert ved Mette og Atle. Tusen takk for hjelp og støtte! Vi gler oss til neste sesong saman!