Skal bygge lag

Våre to nye trenarar har brukt dei siste vekene før ferien på å bli kjent med spelarstallen og planlegge for komande sesong. Det har også vore mange frå andre klubbar på prøvespel, og nokon av desse vil ende opp i voldadrakt til hausten.

Hovudtrenar Reidar Møistad fortel at i tillegg til det reint handballfaglege, så er det også fleire andre faktorar ein legg vekt på når ein vurderer dei som er på prøvespeling.

– Personlegdom er det viktigaste, og at du har den rette haldninga og er ein lagspelartype som kan ta den plassen du fortener i ei gruppe. Rekruttering er viktig men vanskeleg, ein kan treffe godt men ein kan også bomme.

Er det viktig at dei skal passe inn i eit spelesystem?

– Både ja og nei. Det er viktig at du kan tilpasse systemet til dei spelarane har til disposisjon, det er farleg å vere rigid å presse spelarar inn i eit system der du kanskje ikkje klarer å hente ut det beste i dei.

Volda har dei siste åra vore kjent for å køyre eit offensivt 5-1-forsvar, vil det halde fram?

– Vi skal i alle fall ha to forsvarssystem, og kjem til å ha eit 6-0-forsvar som vi no kjem til å ha spelartypar til. Men vi vil variere, og ønsker å vere offensive med eit dynamisk forsvar i ulike formasjonar, men vi blir nok ikkje eit typisk 5-1-forsvarslag.

Bygge klubb og lag

I tillegg til å vere ein toppklubb så er Volda også ein breiddeklubb. Korleis meiner du klubben bør jobbe med dei aldersbestemte laga?

– Vi er heilt avhengig av at vi har foreldretrenarar, men det handlar mykje om å gje dei støtte og retningslinjer for kva som er viktig å konsentrere seg om for å utvikle lag og spelarar. Skal vi nå målsettinga om å vere ein toppklubb, så må vi hjelpe trenarar og gje dei gode verktøy til å utvikle unge spelarar.

Du har lansert «ubuntu» som stikkord for korleis du ønsker å bygge lag. Kva legg du i omgrepet «ubuntu»?

– Det handlar i korte trekk om at «eg kan ikkje bli god viss ikkje du er god saman med meg, du kan ikkje bli god viss eg ikkje prøver å gjere deg god.» Å lage lag er å skape prestasjonsmiljø og grupper med sterkt samhald, for utan det så blir heller ingen resultat. Det er kvar og ein sitt ansvar å bygge miljø, det ligg i ubuntu-tankegangen at laget er alltid viktigare enn deg. Det kan vere vanskeleg å få unge, ambisiøse spelarar til å forstå at den beste sjansen for å utvikle seg er å vere ein del av eit sterkt fellesskap, men dette er verdiar som må ligge til grunn for heile gruppa, understrekar Reidar.

GOD STEMNING: Thomas Ravn Reeh og Reidar Møistad har tatt fatt på trenargjerninga med godt humør.

Reidar fortel at han har ikkje budd i Norge på 11 år, og gler seg å flytte til Volda med heile familien.

– No har eg budd i langt større byar enn Volda dei siste åra, så det blir veldig bra og spennande for både kona mi og døtrene mine på 5 og 6 år å få oppleve vere ein del av eit fellesskap i eit mindre samfunn som Volda.

Til slutt, når du ikkje opptatt med handball, kva likar du å gjere då? 

– Det har vore handball døgnet rundt i snart 20 år, så det har det vore lite fritid dei siste åra. Men eg kjenner at eg saknar flugefiske og naturopplevingar, og det gler eg meg å få sjansen til, for det var ein stor del av livet mitt då eg budde i Norge, avsluttar Reidar.

Fyrste seriekamp er heime mot nyopprykka Kjelsås 3. september.