Frå Tysk Bundesliga til Volda!

Det er med stor glede vi kan informere om at Aud Ingrid Silseth har signert 2 års kontrakt Volda, seier Arild Bakke i Volda Team Elite. Ho har denne sesongen spelt for tyske BSV Sachsen Zwickau.

Pressemelding:

Aud er ei god målvakt som vi la merke til då ho spelte for Ålgård i 1. divisjon for to sesongar sidan, der ho skapte store problem for Volda i begge kampane. Aud har tidlegare også vore spelar for Molde og IL Frode.

Har du ein kommentar til at du no skal heim til Noreg og spele for Volda?

– Eg gler meg veldig til å komme til Volda! Det verkar som ein klubb med høge ambisjonar og eit godt trenerteam. Etter eitt år i Tyskland skal det bli godt å kome nærmare familien og tilbake til Norge, fortel Aud. 

Aud er på plass i Volda når treningane startar 24. juli og vi ynskjer henne varmt velkomen til Volda, der ho skal kombinere topphandball med studier på Høgskulen.

Spanande spelarar på gang!

– Vi var i god tid før serieslutt klar over at fleire spelarar kom til å forlate Volda etter denne sesongen, fortel Arild Bakke i Team Elite. – Etter at nedrykket var eit faktum blei det også klart at Kine Kvalsund valgte Larvik og Hanna Reistad valgte Sola.  Volda Handball er stolte over at vi har fostra spelarar som har blitt attraktive for toppklubbar i Noreg, og vi heiar på dei i deira vidare satsing. Begge har vore med på store deler av turen til Rema 1000 ligaen, og det er flott at dei no vil prøve seg på eit enda høgare nivå.

– Vi har frå vår side jobba hardt den siste tida med å skaffe gode erstatningar. Vi har vore i prosess med gode spelarar og reknar med fleire nye signeringar innan kort tid. Fleire har vore på prøvespel i Volda siste vekene, og vi er trygge på at dette er spelarar med stort potensiale. Målet om at Volda skal kjempe om nytt opprykk meinar vi derfor er realistisk. Dette også ut frå at klubben har signert avtale med to svært gode trenarar som på få dagar greidde å snu ei litt tung stemning etter nedrykket til ny optimisme og masse positiv energi både i og i teamet rundt spelargruppa. Ein lovande start, avsluttar Arild Bakke i Team Elite.

Aud Silseth har spelt i tysk Bundesliga for BSV Sachsen Zwickau (foto: Marco Unger)