Inspirerande talentsamling

Marie Mathea Aurdal og Thea Brænde har nyleg vore på regional talentsamling for J2008 i Orkanger. Jentene var både spente og forventningsfulle før dei reiste til Trøndelag, og er einige om at samlinga var både kjekk og lærerik.

– Vi har blitt kjent med mange nye spelarar, men der var også fleire andre som vi har spelt kampar mot tidlegare, seier Thea som til vanleg er playmaker på midten. På samlinga måtte ho også drille på øvingar som sideback, for dei måtte også velge ein annan posisjon i tillegg til favorittposisjonen sin. – Det var mykje fokus på teknikk og ballkontroll på samlinga, og sjølv om vi allereie har lært mykje frå før i Volda, var det tid til å gå enda litt djupare inn på det tekniske, fortel Thea entusiastisk. – Dagane var både lange og varierte, og i tillegg til to daglege treningsøkter på kring 1,5 til 2 timar per økt, var det også teori, møter og mat. Og sjølvsagt tid til litt avslapping og sosialt, avsluttar Thea.

Marie, som til vanleg er linjespelar, hadde også valt sideback som ekstra posisjon. – Det gjekk i grunnen overraskande bra, smiler ho og legg til at ho ikkje er heilt ukjend med denne posisjonen på Volda-treningane. Ho følte at samlinga var ei veldig positiv oppleving med mange nye inntrykk. – Vi var litt spente, for alle var delt inn i grupper der det var få som var frå same lag. Eg og Thea kom ikkje same lag eller rom, men det var i grunnen fint å bli tvungen til å bli kjent med andre. Og det var ikkje vanskeleg – vi har jo alle ei felles interesse i handballen, fortel Marie. 

Både Thea og Marie blei endå meir motiverte til å satse på handballen. – Og så var det ekstra spennande då den nytilsette landslagstrenaren til J2008/2009 kom og såg på ei trening, seier dei. No håpar dei at fleire på laget får sjansen til å vere med neste gong, for det er fleire flinke Volda-jenter som fortener det!

Thea og Marie var saman med kring 100 andre 2008-jenter frå Finnmark/Troms, Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal på samlinga 22. – 25. juni i Orkanger. (foto: Norges handballforbund, region Nord)

Bilde øvst: Fv. Marie Mathea Aurdal (Volda), Thea Brænde (Volda), Natalie Vatne Egset (Ørsta) og Tom Slenes frå Ørsta, som var med som trenar på samlinga, og var ei god støtte å ha der for jentene. (foto: Tom Slenes)