Ny toppspelar til Volda!

Hannele Nilsson (26) har i mange år spelt for klubben Skövde i den svenske eliteserien. Førre sesong var ho klubbvenninne med Aud Silset i tyske BSV Sachsen Zwickau. Der hadde Nilsson ei sentral rolle som midtback og playmaker.

– Vi er stolte over at ein så god spelar som Hannele har valgt å signere to-års avtale med Volda. Dette til tross for at vi måtte ta steget ned igjen til 1. divisjon. Hannele synes prosjektet i Volda er spennande og ønskjer å vere med på den vidare reisa vår. Ho er sjølvsagt tiltenkt ei sentral rolle i  «nye Volda». Ho imponerte stort då ho var på besøk i juni, og denne signeringa styrkar trua på at laget igjen kan kjempe heilt i toppen komande sesong, fortel Arild Bakke i Volda handball Team elite .

– Vi har no fått på plass ein god miks av rutinerte spelarar og unge talent med store ambisjonar både for laget og seg sjølv, seier Arild Bakke i Team Elite.

Vi har spurt Hannale om kva ho trur om Volda-prosjektet, og kvifor ho valde Volda som sn neste klubb.

– Eg gler meg til å vere ein del av Volda-prosjektet, og håpar å kunne bidra til å få klubben tilbake i Rema1000-ligaen igjen. Ein viktig grunn til at eg valde Volda er at trenarteamet uttrykker stor kunnskap og engasjement for laget som heilheit, men også for kvar enkelt spelar. Ein annan grunn er dei fantastiske treningsforholda med den flotte arenaen. Eg ser fram til sesongen, og håpar vi sjåast i Volda campus Sparebank1 arena, fortel Hannale entusiastisk.

«Nye Volda» tek form!

Klubben har stått i ein krevjande prosess etter at nedrykket var eit faktum, fortel Bakke. – Det viste seg  å være vanskeleg å få på plass nye spelarar, då mange spelarar var avventande på kva som ville skje.  At vi fekk på plass og kunne tilby eit svært kompetent trenarteam med lang erfaring innan spelarutvikling og lagbygging blei avgjerande for mange, meiner Bakke.

– Situasjon er i dag at nesten alle spelarane vi har hatt kontakt med har signert kontrakt for Volda. I tillegg har vi faktisk fått fleire førespurnader frå spelarar som på eige initiativ har bedt om å kome til Volda for å bli betre handballspelarar. Samlinga vi hadde i midten av juni der vi tok inn mange for prøvespel var gull verdt, der mange blei imponert både over trenarane, arenaen og klubben. Troppa er no på over 20 spelarar og det kan sjå ut til at vi skal kunne bite godt frå oss både i 1. divisjon og 2. divisjon, som også har blitt ein landsserie, fortel Bakke.

Bakke fortel at økonomien kan vere utfordrande når ein skal delta i to landsdekkande seriar, men at klubben opplever god støtte frå sponsorane. – Vi har fått gode tilbakemeldingar frå både gamle og nye samarbeidspartnarar på jobben som blir lagt ned. Spesielt Sparebanken Møre som vår generalsponsor er no gull verdt for klubben si vidare utvikling, i tillegg til at dei viser eit stort engasjement rundt klubben i kvardagen. Det er liten tvil om at mange meiner at dette prosjektet er viktig for bygda og regionen rundt oss. Det kan ein blant anna sjå gjennom at talet på personar som følgjer klubben på Facebook har auka med nesten tusen stk det siste året til om lag 3400 personar. Det er langt fleire enn mange av eliteserieklubbane, avsluttar Arild Bakke.