Nytt talent frå Ålgård til Volda!

Strekspelar Anne Victoria Berven frå Ålgård har signert 2-års kontrakt med Volda handball. Anne er fødd i 2004, og er ei av fleire talent som har tatt kontakt med Volda fram mot ny sesong for å vere med på den vidare reisa med mål om Rema 1000 ligaen igjen.

Ålgård rykka opp til 1. divisjon i vår etter eitt år i 2. divisjon, og Anne var med sine 67 mål ein viktig bidragsytar for laget førre sesong. Det er liten tvil om at Ålgård har vore flinke med talentutvikling dei siste åra, og fleire av spelarane har tatt vegen til Volda for å ta eit nytt steg mot toppen i norsk handball. I tillegg til Anne, kjem også Emilia Giske, Margit Lidal (tidlegare Aker), Aud Ingrid Silseth og Emma Eikrem Klauset (tidlegare Midsund) også frå Ålgård. Det er berre å gratulere klubben med denne prestasjonen, og Ålgård møter vi på nytt denne sesongen. Velkomen skal dei vere!

Kva trur du om å kome til ein klubb som Volda, Anne? 

– Eg ser veldig fram til å bli Voldaspelar og gler meg masse til ein spennande sesong. Eg har god tru på trenerteamet og spelarstallen og dei måla klubben har satt for sesongen 2023/24. Eg håper å vere ein god bidragsytar for å hjelpe klubben tilbake til Rema 1000 ligaen, fortel det unge talentet.

Vi ønsker Anne velkomen til Volda!