Kom og sjå «Nye Volda»!

16. august er det klart sesongens andre treningskamp når Volda tek imot Førde heime. For publikum blir det mange nye spelarar i voldadrakt å bli kjent med. 

– Onsdag skal vi endeleg få spele heime, og vi gler oss til å vise fram «nye Volda» til vårt engasjerte og store publikum, fortel hovudtrenar Reidar Møistad. – Kampen er ein av seks kampar vi skal ha i oppkøyringsfasa, og blir svært viktig som førebuing til turneringa neste helg på Fjellhammer, kor vi møter fleire av årets motstandarar i 1.divisjon.

– Vi kjem til å bruke kampen mot Førde til å finpusse angrepsspelet vårt, og å finne oppstillingar som har god kjemi seg imellom. Eg kjenner ikkje noko særleg til vår motstandar, men det blir eit hyggeleg gjensyn med trenaren Øyvind Indrebø som eg kjenner godt etter at vi arbeidde saman gjennom fleire år i Norges Handballforbund. Vi har tilnærma fullt mannskap klart, og håper at det også nærmar seg comeback for Ingrid Rye. Vi gler oss til å sjå mange i hallen på onsdag, avsluttar Reidar.

Kampstart er 16. august kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena. Gratis inngang og open kiosk!

MANGE NYE ANSIKTBak fv: Rikke Jensen (NY: frå Ringkøbing), Nora Vold Hovde, Margit Lidal, Ingvild Græsdal, Erle Aandal, Helga Lersveen, Ingrun Ranes, Emma Eikrem Klauset (NY: frå Ålgård), Hannele Nilsson (NY: frå BSV Sachsen Zwickau) , Marte Aamodt (NY: frå Kongsvinger), Reidar Møistad. Framme fv: Karoline Rustad Grebstad (NY: frå Tromsøstudentenes IL), Ingrid Rye, Emilia Giske, Hante Hamel, Aud Silseth (NY: frå BSV Sachsen Zwickau), Anne Victoria Berven (NY: frå Ålgård) , Sara Hoel Røyr, Dana Björg Gudmundsdottir.