Fornya sponsoravtale og inviterte til kick-off

Rotevatn trafikkskule og Osdal catering likar å vere meir enn berre vanlege sponsorar for Volda handball elite. Vi er entusiastar som er med på både oppturar og nedturar, slik det ofte er i toppidretten seier Stian Osdal og Kjell Erik Rotevatn

Fredag kveld inviterte dei damelaget og støtteapparatet rundt laget til eit sosialt treff i naustet til Stian Osdal på Aurstad camping. Dei stod for god mat, god stemning og ulike aktivitetar for at laget skulle bli litt betre kjent med kvarandre og bedriftene. – Vi har fått med oss at de har greidd å snu ei skuffande oppleving denne våren til ny optimisme og masse positiv energi på veldig kort tid. Det står det respekt av, og vi ser veldig fram til nye gode opplevingar når serien startar opp i september. Vi ønskjer med dette opplegget å markere at vi er med Volda handball for fullt vidare dei komande tre åra, seier karane som nyleg har signert nye sponsoravtaler med klubben.  

– Det er veldig kjekt å ha med sponsorar som engasjerer seg langt utover den økonomiske sida, og som stiller opp på kampar og tilstellingar vi har i klubben, seier Arild Bakke i Volda handball. – Rotevatn trafikkskule har vore ein viktig og stor støttespelar for satsingsprosjektet i Volda handball heile vegen frå 2010, og seinare har også Osdal catering kome med. Det set vi umåteleg stor pris på. I år har vi veldig mange nye spelarar i gruppa, og det var heilt perfekt tidspunkt for eit slikt sosialt treff. Vi er inne i ei krevjande periode med mange harde treningar og treningskampar opp mot sesongstarten, og då er det godt for alle med eit sosialt treff, seier Arild Bakke i Volda handball.