Volda møter Førde i cupen fredag

Fredag 1. september spelast 3. runde i NM, og Volda skal til Sunnfjord for å møte Førde. Reidar er optimistisk med tanke på sjansen for å gå vidare i cupen.

– Vi ser fram til en spennande kamp i Førde. Vi har allereie møtt dei i ein treningskamp og har gode minner frå den. Dette blir likevel ein helt annan kamp, ettersom det er avansement i cupen som står på spel, fortel Reidar. – Vi er godt førebudde til kampen etter ei god treningsveke og ein god kamp mot Godøy førre torsdag. Troppa er skadefri, og vi kan stille med eit toppa lag. Vi ser fram til ein god kamp i Førde på fredag, avsluttar Reidar.

Kampstart er fredag 1. september kl. 18.30 i Førdehallen.