No startar kampen om poenga!

Søndag smeller det! I fyrste seriekamp for sesongen skal Volda måle krefter mot nyopprykka Kjelsås frå Oslo. Volda har hatt ein positiv trend i treningskampane, og vi har spurt voldatrenar Reidar Møistad om hans forventningar til serieopninga.  

– Vi har allereie møtt Kjelsås denne sesongen, då vi deltok i Fjellhammer Elite Cup. Vi gjekk seirande ut av den kampen etter tidvis meget godt angrep- og forsvarsspel, fortel Reidar. Søndag blir det imidlertid ein heilt ny kamp, for no står kampen om to poeng på spel. Etter ei god treningsveke avsluttar vi med cup-kamp mot Førde på fredag, før vi ladar batteria før Kjelsås. Eg har høyrt mykje godt om volda-publikummet, og håper at mange vil kome å heie oss fram til to poeng!

Kampstart er søndag 3. september kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena.

Billettar kjøpast i Volda handball-App eller ved inngang, Vipps og betalingsterminal

Billettprisar:

120,- for vaksen 50,- for born/honnør/student

Alle born under 18 år i klubbantrekk kjem gratis inn.

Vi sel også SESONGKORT til 1 000,- kr. Gjeld på alle heimekampane til Volda 1 (1. div) og Volda 2 (2. div). Sesongkort for barn/honnør/student = 500,-