Toppoppgjer mot Fjellhammer
På søndag skal Volda spele mot Fjellhammer som er forventa å bli blant dei laga som kjem til å kjempe om opprykk til Rema 1000-ligaen. Vi har spurt Reidar om kva som må til for at Volda skal sikre seg to nye poeng i denne kampen.
– Søndag kjem årets første verkelege test når vi får eit godt Fjellhammer-lag på besøk. Fjellhammer er eit godt og jamt besatt mannskap med eit par klare einerar i si oppstilling. Dei spelar ein strukturert og god handball, og har blant anna utvikla eit godt 7 mot 6 spel. Vi møtte dei i finalen i turneringa på Fjellhammer i oppkjøringa, og tapte den kampen knepent etter ein jamnspelt kamp.
– Vi har ei skadefri tropp som er klar til å fighte for to poeng. Dette er ein av kampane som nok vil definere fyrste halvdel av sesongen for begge lag, sjølv om vi berre er komen til den fjerde kampen i serien. Vi gler oss, og håpar på endå fleire folk kjem i hallen på søndag!
Kampstart er søndag 1. oktober kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena.
Billettar kjøpast i Volda handball-App eller ved inngang, Vipps og betalingsterminal
Billettprisar:120,- for vaksen 50,- for born/honnør/student
Alle born under 18 år i klubbantrekk kjem gratis inn.
Vi sel også SESONGKORT til 1 000,- kr. Gjeld på alle heimekampane til Volda 1 (1. div) og Volda 2 (2. div). Sesongkort for barn/honnør/student = 500,-