To kampar mot Storhamar
Våre damer er på veg austover til Hamar og «den rette sida av Mjøsa» som brummunddølen Reidar ville ha sagt det. Målet er sjølvsagt to poeng mot Storhamar slik at Volda beheld plassen i den rette enden av tabellen for 1. divisjon, altså i toppen.
Volda møtte Storhamar i Eliteturneringa i august, og vann den gongen med klar margin. I serien står Storhamar så langt med tre tap, men har møtt tre antatt topplag. Reidar har denne kommentaren til helgas kampar. – I helga spelar våre lag i både 1. og 2. divisjon kampar på Hamar mot Storhamar. To tøffe kampar venter, men etter ei svært god treningsveke reiser vi til Hamar med sjølvtillit. Nokon småskader plager troppa, men vi stiller tilnærma fullt lag.
Vårt lag i 2. divisjon som også med til Hamar og skal møte Storhamar 2 på laurdag, og vi håper laget her kan starte poengfangsten.
Begge kampane foregår i Boligpartner arena: Storhamar 2 – Volda 2 (i 2. divisjon) er laurdag kl. 13.00, søndag kl. 14.00 spelar Volda mot Storhamar i 1. divisjon. Kampane blir sendt på MyGame.