Vil levere mot Levanger

Volda gjekk på sesongens fyrste tap mot Storhamar, og er lystne på å revansjere seg i kampen mot Levanger på onsdag. Så langt i sesongen står trønderane med fire poeng etter fire kampar, og vi har spurt Reidar om kva som må til for at Volda skal løfte seg frå førre kamp.

– Onsdag 18. oktober er det klart for ein ny tøff motstandar heime i Campus Arena. Levanger har fleire spennande spelarar som kan skape problem for oss. Dei har hatt relativt gode resultat så langt i sesongen, og kjem nok til Volda med sjølvtillit, fortel Reidar.

– Vi har hatt ei god treningsveke, og er revansjelystne etter ein dårlig prestasjon på Hamar. Ein noko usikker skadesituasjon pregar oss litt denne veka, men vi håper det retter seg i løpet av nokre dagar med god behandling av Fysio 1. Humøret er tilbake i troppen etter tapet mot Storhamar, og vi ønsker å framstå på ein mykje betre måte på onsdag, avsluttar Reidar som håper på god støtte frå eit talrikt publikum.

Kampstart er onsdag 18. oktober kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena.

Billettar kjøpast i Volda handball-App eller ved inngang, Vipps og betalingsterminal

Billettprisar:120,- for vaksen 50,- for born/honnør/student 

Alle born under 18 år i klubbantrekk kjem gratis inn. 

Vi sel også SESONGKORT til 1 000,- kr. Gjeld på alle heimekampane til Volda 1 (1. div) og Volda 2 (2. div). Sesongkort for barn/honnør/student = 500,-