Møter Gjøvik heime og Glassverket borte
Volda varta opp med festhandball i 1. divisjonsoppgjeret mot Levanger på onsdag. Bortekampen i Drammen på søndag innleier eit hektisk program med tre kampar iløpet av ei veke. Laget vårt i 2. divisjon skal måle krefter med gjestar frå Gjøvik på laurdag.
– Denne helga er det kamper både for 1. og 2. divisjon, fortel voldatrenar Reidar Møistad. – På laurdag kl 17 skal laget vårt i 2. divisjon møte Gjøvik i Campus Sparebank1 arena. 2. divisjon har ein veldig tynn stall, og det blir nok ein tøff kamp for jentene. Men vi går inn i kampen med tro , vilje og skal kjempe om 2 poeng.
– 1.divisjon reiser laurdag morgon til Drammen for å møte Glassverket på søndag kl 14. Glassverket kjem fra eit sterkt resultat mot Flint borte kor dei klarte uavgjort etter ein tett og god kamp, og dei vil garantert skape utfordringar for oss. Vi har litt smårusk i troppa, og stiller med eit noko redusert mannskap framfor søndagens kamp. Vi tar med oss ei god oppleving mot Levanger og skal gje absolutt ALT for å ta 2 poeng med heim til Volda, avsluttar Reidar.
Kampstart Volda – Gjøvik (2. divisjon) laurdag 21. oktober kl. 17.00 i Volda campus Sparebank1 arena.
Kampstart Glassverket – Volda (1. divisjon), søndag 22. oktober kl. 14.00 i Drammenshallen.