Dokumentarserie om Volda handball

Denne sesongen blir damelaget til Volda tett fylgd med kamera og mikrofon på kamp, trening, reiser og i fritida. For sjølv om vi kjenner spelarane frå handballbana er nok mange nysjerrige på kva som eigentleg blir sagt i pausepraten, eller på trening. Og korleis er det for eksempel når spelarane møtes på privaten til pizzakveld?

Dette, og mykje anna vil Student-tv i Volda snart gje oss svar på når dokumentarserien «Volda handball – veien tilbake» har premiere tidleg i november. -Vi har fått ein makelaus tilgang, der spelarar, trenarar og klubben er veldig opne om alt, fortel regissør Erlend Tuastad. – Vi har vore tett på spelarar og støtteapparat under kampar, og har fått vere fluge på veggen under treningar og meir private arenaer, for eksempel middag heime hos Reidar sin familie.

Bli med bak kulissane

Student-tv i Volda som står bak denne dokumentarserien har eksistert i mange år, og har idag om lag 80 – 90 medlemmar. Dei aller fleste av desse er studentar ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.  – Det har i ei årrekke vore eit godt samarbeid mellom Volda handball og Student-TV, mellom anna gjennom tv-produksjon av handballkampar, seier Idar Flo i Volda handball team elite. – No som denne produksjonen i år er blitt overtatt av Amedia og robotkamera, er det fint at vi likevel kan halde fram samarbeidet gjennom dette prosjektet til nytte for begge partar, fortel Flo, som også underviser fleire av desse studentane i mediefag ved høgskulen.

Til saman er det 15 personar frå Student-TV som er med på denne produksjonen, og Tuastad peiker på at desse får verdifull erfaring med prosjektleiing, teknikk og fleire andre arbeidsoppgåver som er vanleg i ein slik produksjon. – Eg vil særleg trekke fram det å jobbe så tett på menneske der det er så viktig å utvikle eit tillitsforhold som ei spesielt verdifull erfaring, seier Tuastad.

LAGAR DOKUMENTAR : fv. Idar Flo (Volda handball team elite), Erling By (loggar), Erlend Tuastad (regissør), Sander Garvik Kurseth (produsent, videofotograf og dagleg leiar),  Even Nævdal (ansvarleg redaktør Student-tv i Volda), Julian Høgset (klippar, videofotograf), Fanny Farangen Solheim (videofotograf). Ikkje på bilde: Vemund Kråkmo (videofotograf, klippar), Henrik Hegg Johansen (produsent), Sverre Gullbekk (fotograf)

Premiere i november

Spelarane blei så fort vande med at vi var «fluge på veggen» at dei fortel at dei knapt lar seg påverke av at dei blir filma, fortel Tuastad, som meiner at det publikum vil få sjå i stor grad er ærleg og ekte. Kvar episode vil ha eit særleg fokus på ein spelar, samtidig som kampar, treningskvardagen og miljøet rundt klubben også kjem til å spele ei vikig rolle. – Fleire av spelarane er utadvendte og flinke til å by på seg sjølve, fortel Tuastad, som sit igjen med eit svært godt inntrykk av spelarar, trenarar og klubben. – Då vi lanserte traileren til serien fekk vi enormt mykje positiv respons. Det er utruleg kjekt å sjå det store engasjementet som det er kring handball i Volda, avsluttar Tuastad.

Episodene vil kome med ujamne mellomrom, og viss alt går etter planen vil dei tre fyrste bli vist før jul. Fyrste episode vil bli publisert på Student-TV i Volda sin Youtube-kanal tidleg i november, og vil også bli annonsert via Volda handball si facebook-side. Det er med andre ord berre å glede seg til «Volda handball – veien tilbake»!

SENTRAL TRIO: fv. Julian Høgset (klipper, videofotograf), Erlend Tuastad (regissør), Sander Garvik Kurseth (produsent, videofotograf og dagleg leiar)

Sjå trailer her: https://www.youtube.com/watch?v=lnegtoip420