Vil tilbake på vinnarsporet
Søndag 5. november kjem Utleira på besøk. Volda kan forvente hard motstand mot trøndarane som på onsdag noko overraskande slo ein av opprykkskandidatane, Flint Tønsberg.
– Ein ny tøff kamp ligg framfor oss, og vi har mykje å jobbe med etter søndagens braktap mot eit svært godt Haslum-lag, seier Volda-trenar Reidar Møistad. – Veka må brukast godt fram til søndag, og jentene er veldig motiverte for å vise seg frå ei heilt anna side enn mot Haslum, og vi skal syte for å vere klare når kampen setjast i gang.
Også laget vårt i 2. divisjon har heimekamp denne helga, og møter NTNUI på laurdag klokka 17.00. Før kampen står begge lag med null poeng, så denne kampen er svært viktig.
Kampstart Volda – Utleira er søndag 5. november kl. 14.00 i Volda campus Sparebank1 arena.
Billettar kjøpast i Volda handball-App eller ved inngang, Vipps og betalingsterminal
Billettprisar:120,- for vaksen 50,- for born/honnør/student
Alle born under 18 år i klubbantrekk kjem gratis inn.
Vi sel også SESONGKORT til 1 000,- kr. Gjeld på alle heimekampane til Volda 1 (1. div) og Volda 2 (2. div). Sesongkort for barn/honnør/student = 500,-