Volda i historisk kvartfinale

Onsdag skal Volda for fyrste gong kjempe om ein plass i semifinalen i cupen. Motstandar er Sola med legendariske Camilla Herrem på venstrevingen.

Herrem står oppført med 288 landskampar, og har vore med å vunne mange internasjonale meisterskap sidan debuten for Norge i 2006. Så langt i år er Herrem toppscorar for Sola som i dag ligg på 4. plass i Rema 1000-ligaen. Volda kjem frå eit skuffande tap mot Utleira, og må nok heve seg nokre hakk for å kunne slå Sola. Sjølv om opprykk til Rema 1000-ligaen er den viktigaste målsettinga for Volda denne sesongen, vil vidare avansement i cupen vere ein betydeleg bonus.

Vil ha fulle tribuner

Fyrste gongen Camilla Herrem og Sola gjesta Volda var i 1. divisjon i 2018. Interessa for kampen var enorm, og heile 630 tilskoderar fylte gamle Voldahallen til randen, ein hall som normalt hadde ein kapasitet på ca 400. Onsdag håper vi at minst like mange møter opp for å støtte Volda i kampen om ein plass i semifinalen!

Kampstart er onsdag 8. november kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena. Kjøp billett i Volda handball-app eller ved inngang.