Kamp mot gamle kjenningar
Fleire av dagens Volda-spelarar har ei fortid i Ålgård som er denne søndagens motstandar. Reidar forventar ein tøff kamp mot rogalendingane som trass fleire tap på rad har vist spelemessig framgang den siste tida.
– Søndag står vi framfor nok ein vanskeleg kamp når Ålgård kjem på besøk. Vi har vore plaga av corona siste veka, og blir nok ikkje fulltalleg på søndag, men dei som er friske er veldig klare for å vise seg fram på beste måte. Vi håper på masse folk i hallen, då vi verkeleg treng all støtte vi kan få!
Kampstart Volda – Ålgård er søndag 19. november kl. 14.30 i Volda campus Sparebank1 arena. Billettar kjøpast i Volda handball-App eller ved inngang, Vipps og betalingsterminal
Billettprisar:
120,- for vaksen 50,- for born/honnør/student
Alle born under 18 år i klubbantrekk kjem gratis inn.
Vi sel også SESONGKORT til 1 000,- kr. Gjeld på alle heimekampane til Volda 1 (1. div) og Volda 2 (2. div). Sesongkort for barn/honnør/student = 500,-