Entusiasme for SunnmørsLØFTET

Volda handball lanserer eit nytt satsingsprosjekt for å bidra til utvikling av handballen på Sunnmøre og i Nordfjord. Målet for prosjektet er å styrke kompetansen til trenarar for aldersbestemte lag, og vere ein utviklingsarena for treningstalent i alderen 14 -17 år, både jenter og gutar. I går blei prosjektet møtt med stor entusiasme då det blei presentert for handballklubbar i Ålesundsområdet.

– Dette vil vi gjerne vere med på, var omkvedet frå trenarar og andre representantar frå om lag ti ulike klubbar som var samla i klubbhuset til Aksla. Fleire uttrykte seg svært positivt til initiativet frå Volda handball, og trudde at prosjektet kunne løfte kompetansen blant trenarar og vere eit godt tilbod for unge handballspelarar som «vil litt meir.» Felles treningar og helgesamlingar for unge spelarar i regionen, samt systematisk rettleiing av trenarar vil vere sentrale ingrediensar i prosjektet.

Mål

Volda handball si elitesatsing er ein viktig bakgrunn for dette initiativet. Volda treng eit solid og større rekrutteringsmiljø, både i Ålesundsområdet, på Søre og i Nordfjord for å klare ambisjonen om å ha eit elitelag med innslag av fleire lokale spelarar. Konkret er målsettingane innan fem år at Sunnmøre/Nordfjord har 3 stk. 2. divisjonsklubbar som utviklingsarena. Eit mål er også at ein i nær framtid har eit 1. divisjonslag på Sunnmøre, i tillegg til at Volda etablerer seg i eliteserien for damer. Det er vidare eit klart mål at prosjektet også bidreg til auka rekruttering og kvalitet innan gute-/herrehandballen med mål om topphandball.

Sentrale personar bak initiativet: (fv) Arild Bakke (styreleiar, Volda handball), Sindre Monsholm (Sparebanken Møre), Terje Løvmo (sportsleg leiar, Aksla IL handball), Reidar Møistad (trenar, Volda handball).

Bakgrunn

Volda handball har i lang tid jobba med å utvikle prosjektet i nært samarbeid med Aksla IL Håndball, som også vil ha ei aktiv rolle i implementeringa av SunnmørsLØFTET i Ålesunds-regionen. Volda handball sin generalsponsor Sparebanken Møre bidreg med økonomisk støtte som er heilt avgjerande for å få gjennomført dette prosjektet som i fyrste omgong er etablert for to år, med intensjon om tre nye år viss prosjektet utviklar seg som forventa.

Mandag 11. desember kl. 17.30 blir SunnmørsLØFTET presentert for klubbane på Søre Sunnmøre. Stad: Volda campus Sparebank1 arena.