Gratis toppkamp i førjulsgåve

Søndag venter ein av sesongens tøffaste kampar når Volda får besøk av opprykksrival Flint Tønsberg. For å sikre solid støtte frå eit talrikt publikum har Sparebanken Møre teke på seg spanderbuksene og betalar billetten til alle som kjem.

– Vi veit at det er mange som har stor glede av handball, både i Volda og elles i regionen. Samtidig veit vi også at mange no slit økonomisk. Derfor vil gje ei gåve til alle som vil på kamp, så vi spanderer kampbillett til alle, seier Sindre Monsholm, banksjef for Sparebanken Møre i Volda

Espen Stray Helle i Volda handball er svært glad for denne gåva frå Sparebanken Møre, og håper på fulle tribuner på søndag. – Publikumsrekorden i ein seriekamp er frå då vi fekk besøk av Vipers førre sesong, då hadde vi over 1200 tilskoderar, fortel Helle som håper på at mange vil kome å støtte Volda i kampen om to viktige poeng.

Toppscorar så langt i årets sesong, Dana Bjørg Gudmundsdottir, understrekar kor viktig det er for laget å få god støtte frå publikum.  – Eg merkar at vi får mykje energi frå publikum når vi spelar heime, fortel den lynraske vingen. – Med fullt trøkk i hallen så skal Flint få merke at det blir vanskeleg å ta poeng frå oss, lovar Gudmundsdottir.

Før kampen ligg Flint på tredjeplass, eitt poeng bak Volda. Voldatrenar Reidar Møistad trur det blir ein tøff og jamn kamp. – Flint kjem frå eit nederlag mot serieleiar Haslum og er garantert revansjesugne. Vi i Volda har førebudd oss på beste måte denne veka, og er klare for ein tøff og intens kamp på søndag, fortel Møistad.

Kampen er flytta fram kl 17.30 slik at den skal vere ferdig før finalen i handball-VM.