Årets fyrste heimekamp

Etter ein solid seier mot Kjelsås førre helg skal Volda søndag spele årets fyrste heimekamp mot Nordstrand. Då desse to laga møtte kvarandre i haust klarte Volda å dra i land seier 26 – 23 etter ein jamn og spennande kamp.

Sjølv om Nordstrand ligg noko beskjedent til om lag midt på tabellen i 1. divisjon, har laget vist gode takter og at det kan spele jamt med dei beste. Dette er også voldatrenar Reidar Møistad klar over, som ser for seg ein tøff kamp på søndag. – Det litt nok ein vanskeleg kamp framfor oss. Nordstrnd tapte nyleg berre med eitt mål mot Flint som ligg på tredjeplass. Dette viser at Nordstrand meiner alvor, og er eit lag som ein absolutt ikkje kan ta lett på, fortel Møistad. – Vi skal forsette med det gode arbeidet vi har gjort dei siste vekene, og forventar ein tett og god match mot Nordstrand. Det har sett solid og godt ut på trening denne veka, så vi skal vere god førebudd til kampen, avsluttar Møistad.

Også vårt lag i 2. divisjon skal i aksjon denne helga. På laurdag møter dei Selbu heime til kamp om to viktige poeng.

Kampstart Volda 2 – Selbu (2. div.) laurdag 13. januar kl. 14.30 i Volda campus Sparebank 1 arena.

Kampstart Volda – Nordstrand (1. div. ) søndag 14. januar kl. 13.00 i Volda campus Sparebank 1 arena.

Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang.