Vil ha revansj
Volda gjekk på eit uventa tap då laget møtte Storhamar Håndball på Hamar i haust. På laurdag kjem hedmarkingane på besøk til Volda, og voldatrenar Reidar Møistad lovar full innsats for at to poeng skal bli igjen på Sunnmøre.
– Laurdag venter ein tøff heimekamp når Storhamar kjem på besøk. Vi har noko å revansjere frå bortekampen mot Storhamar. Den kampen «plager» meg framleis, og vi håper å framstå på ein heilt annan måte denne gongen på heimebane, fortel Møistad. – Ei oppmoding går til alle i Volda og Ørsta: No må de kjenne dykkar besøkelsestid!! Vi treng all den støtte vi kan få, og vi håper på sesong-rekord i hallen på laurdag, avsluttar Møistad!
Denne oppmodinga sluttar vi oss til, og til denne kampen vil alle barn kome inn gratis takka vere vår hovudsponsor Tussa!
Kampstart Volda – Storhamar Håndball laurdag 27. januar kl. 18.00 i Volda campus Sparebank 1 arena.
Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang.