Velkomen Veriana!

Like før overgangsfristen gjekk ut har Volda sikra seg Veriana Veliqi (22) frå Follo. Komande søndag skal Veriana spele sin fyrste kamp på si nye heimebane når Volda skal ta imot Glassverket.

Eg møter Veriana på Campus like før ho skal i gang med si andre trening med laget sidan ho kom til Volda for knapt ei veke sidan. Bløde konsonantar avslører at Veriana kjem frå Sørlandet, nærmare bestemt Vågsbygd, bydelen i Kristiansand der Vipers har sitt opphav.

Då denne sesongen starta spelte Veriana for Nordstrand før vegen etter nokre månader gjekk vidare til Follo i Rema 1000-ligaen. Korleis endte du opp i Volda?

– Eg kom kom til Volda fordi eg ville bidra meir inn i eit lag. I Follo gjekk det heilt greitt i starten, men etter ei stund verka det som om dei ikkje hadde meir bruk for meg, så då følte eg det ikkje var rett plass å vere, forklarer Veriana. – Og så visste eg litt om Volda frå før, der eg tidlegare hadde hatt litt dialog gjennom agenten min. Eg følte meg veldig ønska her, og at Volda kunne vere ein god utviklingsarena der eg kanskje også kunne vere med å bidra til eit opprykk, fortel Veriana. 

Sjølv om mykje er nytt i Volda, er det også eit gjensyn med mange gamle kjenningar. – Eg kjenner ein del av jentene frå før som spelte samtidig med meg då eg var i Ålgård for to sesongar sidan. Emilia har eg kjent i lang tid, og både Margit og Emma spelte eg også saman med i Ålgård. Dana kjenner litt gjennom 2002-landslaget som eg spelte ein del kampar for frå eg var 17 til 19 år, seier Veriana.

Veriana seier at førebels er studiar satt på pause. – Studiar tek mykje tid, så no prioriterer eg handball, og så jobbar eg litt ved sidan av. I dag byrja eg å jobbe i ein barnehage, fortel Veriana, og etter litt tid klarer vi å identifisere kva for ein av Volda sine mange barnehagar det er.

Etter berre ei veke i Volda er det altså mykje som framleis føles nytt, men så langt sit Veriana igjen med eit godt inntrykk av staden og klubben. – Eg har fått eit godt inntrykk, og føler det er veldig stort engasjement rundt klubben. Det verkar proft her og at ein blir tatt vare på, så eg har følt meg veldig velkomen, smiler Veriana.

Fornøgd trenar

Favorittposisjonen er høgreback, og som ein spelar som er både høgre- og venstrehendt tilfører Veriana laget ein x-faktor som Voldatrenar Reidar Møistad er særs fornøgd med: 

– Vi har mangla ein venstrehendt spelar i den posisjonen for å bli litt meir uføreseieleg i spelet, og Veriana har dei kvalitetane som vi såg etter. Flink i duellspelet, god speleforståing, og bra timing, fortel Reidar som legg til at ein hadde Veriana i kikkerten allereie før sesongen. – Det ser veldig positivt ut berre på dei få treningane Veriana har hatt sidan ho kom. Eg var veldig fornøgd med debuten med tre scoringar etter berre ein times trening saman med laget før kampen mot Utleira. Når vi finn rytmen og samspelet endå betre, vil dette blir veldig bra, meiner Reidar.

– Veriana har førebels kontrakt ut sesongen, og klarer vi å rykke opp så håper eg vi kan klare å beholde henne. Eg trur dette blir ein fin match, og håper sjølvsagt ho blir så lenge som muleg, avsluttar Reidar.

Vi slutter oss til Reidar sine ønsker, og håper mange vil kome å sjå Veriana sin heimedebut for Volda mot Glassverket på Sunnmørs-handballens FESTDAG komande søndag 18. februar i Volda campus Sparebank1 arena:

Kampstart Volda – Glassverket kl. 18.00

Kampstart Bergsøy – Nøtterøy kl. 15.00 (1. div. menn)

Billettar til begge kampane kan kjøpast i Volda handball-App eller ved inngang, Vipps og betalingsterminal