Møt Margit!

Skulle ho halde fram som målvakt, eller satse på å bli utespelar? Mykje tyder på at Margit Lidal  gjorde eit klokt val då ho som 16-åring valde å forlate målstengene for godt. Sidan Margit kom til Volda i 2022 har ho markert seg med solid forsvarsspel, og frå sin backposisjon står ho så langt i denne sesongen med 69 mål.

Vegen til handball i Volda starta på Nesodden. – Då eg gjekk i tredje klasse hadde eg lyst til å begynne med ballspel, fortel Margit. Saman med ei klasseveninne begynte Margit på det ho ei stund trudde var volleyball, men som viste seg å vere handball. – Eg visste i starten ikkje heilt forskjellen, smiler Margit, som etter kvart også fekk med si eitt år yngre syster inn i Nesodden handballklubb. – Det var ein fin klubb, med stort engasjement for handball og mange flinke foreldre som var trenarar.

Margit var innom både allidrett og friidrett i sin barndom, men det var handball som tok mesteparten av tida. I tillegg til riding. – Det var mest som ein fin hobby. Mamma hadde holdt på med riding, og frå eg var tre år til eg var 16 var eg med på riding i ulike former, slik som dressur, sprangriding og tur-riding, fortel Margit. – Vi har også eit familiegardsbruk i Våler ved Moss. Der var vi kvar sommar og passa nokre hestar, og det hugsar eg var veldig stas.

NESODDEN HÅNDBALLKLUBB: Dette bilde er frå då eg (nr. 12) var cirka 14 år saman med systra mi Anna (nr. 5). Ho er eitt år ynrge enn meg, og vi spelte mykje på same lag for Nesodden. Her er det frå då vi kom til finalen i BØ-cup. (foto: privat)

I tillegg til idrett var også musikk ein viktig del av oppveksten. – Eg spelte både fiolin og piano på kulturskulen, og kan nok i dag seie at eg kan spele piano, seier Margit som samtidig innrømmer at det nok står betydeleg dårlegare til med fiolinkunsten. Ambisjonane var nok langt større på handballbana. Frå ho var 11-12 år til ho var om lag 16 spelte Margit mest målvakt. – Eg kom faktisk på eit talentlag som keeper, men då eg var blitt 16 år følte eg at eg måtte ta eit endeleg val . Då valde eg å bli utesplelar, fordi eg syntes det var mest moro å løpe og vere aktiv, fortel Margit.

Nesodden ligg berre ein kort ferjetur frå Oslo, og vidare derifrå var det heller ikkje langt til Norsk toppidrettsgymnas (NTG) i Bærum. Etter eit års skulegang der gjekk Margit over til spel for Aker. – Overgangen var ein kombinasjon av at J16-laget til Nesodden gjekk litt i oppløysing, og at eg ønskte nye utfordringar, forklarer Margit. I løpet av tida i Aker opplevde ho mykje, med 2. plass i Lerøy-serien og seier i NM20 som høgdepunkt. Etter fire år i Aker ville Margit prøve noko nytt. – Eg ønskte å finne ein klubb der eg kunne ha ein annan posisjon i laget, så eg fekk kontakt med Ålgård som eg såg på som ein god utviklingsarena, fortel Margit. Dette var i 2020, og då var ho allereie i gang med 5-årig sivilingeniørutdanninga ved Noreg miljø-og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås. På grunn av koronautbrotet var det lagt til rette for at Margit kunne følgje studiet digitalt, samtidig som ho spelte for Ålgård.

HEST: – Her er eg saman med min bror Harald på ridetur med Lillegutt og Faula. (foto privat)

Dei to sesongane i Ålgård var ein del prega av to langvarige skadar. – Eg fekk påvist trøttheitsbrot i den eine foten dagen før Norge stengde ned i 2020, så eg fekk tid til å trene meg opp og vere klar til neste sesong starta igjen. Den sesongen gjekk veldig bra, og der vi blant anna slo Volda med ni mål rett før også den sesongen blei avbroten på grunn av korona. Ved starten av neste sesong, fekk eg påvist trøttheitsbrot i den andre foten, så eg var borte frå spel nesten heile den sesongen, fortel Margit.

Ein viss heimlengsel til Austlandet førte til at planar for heimreise og sluttføring av studiane gjorde seg gjeldande. Samtidig såg Volda etter forsterkningar før debuten i Rema 1000-ligaen. – Eg kjente litt til Halldor frå før, og var interessert i nye impulsar og ein annan måte å tenke handball på. Eg ville gjerne ha ein treningskvardag som var veldig profesjonell. I tillegg freista spel i eliteserien, og eg fekk eit godt inntrykk av opplegget, med ny fin hall og gode fasilitetar, forklarer Margit.

AKER: – I 2019 var det stor oppleving å spele NM junior finale for Aker i Oslo spektrum. Vi vann 44 -29 mot Rælingen og eg scora fire mål. (foto: Andreas Kristoffer Berge)

Med permisjon frå studiane og relevant arbeid ved sidan av valde så Margit å satse vidare på handball i Volda. – Klubben hjalp meg med å finne jobb hos Mulvik AS ingeniørkontor som har gjeve meg mange nye erfaringar som er relevant for utdanninga mi som sivilingeniør innan bygg. Hos Mulvik får eg bryne meg på litt av alt, frå prosjektering, søknadsteikningar, uavhengig kontroll og kundekontakt, fortel Margit.

Ho fekk tidleg eit positivt inntrykk av klubben, og har etter kvart funne seg godt til rette i Volda. – Å bu i Volda var litt ei tilvenningssak med tanke på at det var langt heimanfrå, men eg trives veldig godt i Volda no. Her er mange hyggelege mennesker, og ein perfekt stad  med tanke på friluftsliv som er er veldig glad i, seier Margit

Sidan førre sesong har det skjedd store endringar, både på trenarsida og i spelarstallen, korleis har det påverka laget? – Halldor og Reidar er to forskjellige persontypar. Eg var veldig fornøgd med Halldor, han var veldig flink med tekniske detaljar. Reidar er flink til å sjå det store bilde og engasjere. Begge deler er veldig viktig. Vi har hatt ei stor forandring med tanke på trenarar og mange nye spelarar sidan førre sesong, men eg synest vi har vore flinke til å finne kvarandre fort, fortel Margit.

I dag ligg Volda på andreplass i 1. divisjon, kva synest du om sesongen så langt? – Det er ikkje overraskande at vi møter god motstand også i denne serien. Vi har gått på eitt par sure tap som vi helst skulle vore forutan. I starten tenkte vi kanskje litt for mykje på kva som skal skje på slutten av sesongen, men det synest eg vi har klart å endre på slik at vi no har eit med meir kortsiktig fokus på neste kamp, avsluttar Margit før ho må skunde seg vidare til neste treningsøkt.