Kan sikre kvalik
Laurdag 9. mars får Volda besøk av Junkeren frå Bodø. Laget frå nord er i poengnød og kjempar for å unngå nedrykk, mens Volda kan med seier sikre seg minst kvalifisering til elitedivisjon.
Volda har møtt Junkeren to gongar tidlegare denne sesongen, i serie og cup. Begge kampane blei spelt i Bodø og endte med seier til Volda. Junkeren ligg i dag rett under nedrykksstreken, mens Volda ligg på andreplass. Med seier er Volda matematisk heilt sikre på at laget skal spele kvalifisering til Rema 1000-ligaen viss ein ikkje klarer å sikre direkte opprykk.
For trenar Reidar Møistad er derfor dette ein svært viktig kamp: – Junkeren er i desperat behov for poeng for ikkje å rykke ned til 2. divisjon, og kjem til å kjempe med alt det dei har for å ta med to poeng heim til Bodø. For oss i Volda er det ein ekstremt viktig kamp, då vi med seier vil sikre oss minimum kvalifisering til REMA-1000 ligaen for neste sesong. Så no treng vi all støtte i hallen og vi håper på fulle tribuner på laurdag.
Kampstart Volda – Junkeren er laurdag 9. mars kl. 16.00 i Volda campus Sparebank1 arena.
Billettar kan kjøpast i Volda handball-app og ved inngang.