Årsmøte i Volda handballklubb

Årsmøtet blir halde i Volda campus Sparebank1 arena den 3. april 2024 kl. 19.00.

Saker som ein medlem ønskjer å ta opp må sendast styret seinast 25. mars til Joplassvegen 1A 6106 Volda og/eller post@voldahandball.no

Fullstendig sakliste med alle saksdokument blir lagt for medlemmane seinast 28. mars på Volda handballklubb si heimeside.

Dersom medlemmar ynskjer å få innsyn i årsrekneskap og revisjonsrapport kan dei ta kontakt på post@voldahandball.no

For å ha stemmerett må ein medlem vere fylt 15 år, og vore medlem av idrettslaget minst ein månad, og ha betalt kontingent. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, forslagsrett og valbarheit mv., sjå idrettslaget si lov § 5 til § 8.

Velkomen til årsmøtet!

Styret

Sakliste 

1. Godkjenne dei røysteføre 

2. Velje dirigent 

3. Velje protokollførar 

4. Velje to medlemmer til å underskrive protokollen 

5. Godkjenne forretningsordenen 

6. Godkjenne innkallinga 

7. Godkjenne saklista

 8. Handsame årsmeldinga frå idrettslaget

 9. Handsame rekneskapen til idrettslaget, den økonomiske meldinga frå styret, meldinga frå kontrollutvalet og meldinga frå revisor 

10.Handsame forslag og saker. 

11. Fastsetje medlemskontingent, og fastsette treningsavgifter. 

12.Vedta budsjettet til idrettslaget 

13.Handsame organisasjonsplanen til idrettslaget 

14.Utnemne representant til styret og generalforsamlinga i VCA 

15.Gjere følgjande val: 

a. Styre med leiar, nestleiar, 5 styremedlemmer og 3 varamedlemmer 

a. Kontrollutval med 1 leiar og 1 medlemmer og evt 1 varamedlem 

b. Representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å nemne opp representantane

 c. Valkomité med leiar, 3 medlemar og 1 varamedlem 

16. Avgjere om klubben skal engasjere revisor