Viktige kampar for opp- og nedrykk
Begge Volda sine damelag skal i aksjon på heimebane komande helg. Vårt lag i 2. divisjon møter Storhamar 2 på laurdag, mens Sarpsborg møter vårt 1. divisjonslag på søndag.
Kampen mot Storhamar 2 blir viktig i kampen for å unngå nedrykk til 3. divisjon. Det er svært tett i botnen av 2. divisjon, og med seier vil Volda klatre over nedrykksstreken. Dette er siste heimekamp i serien, og etter påske gjenstår det tre bortekampar i Trøndelag.
I 1. divisjon har Volda allereie sikra seg kvalikplass. Ambisjonen for dei gjenståande kampane bør vere å halde på andreplassen med tanke på kva Rema-1000 lag som blir motstandar i kvaliken, fortel trenar Reidar Møistad. – Kampen mot Sarpsborg blir ein SVÆRT viktig kamp for oss. Skal halde hendene på rattet i kampen om andreplasen er det berre ein ting som gjeld mot Sarpsborg, og det er to poeng. Denne treningsveka blir intens og variert, og vi skal vere maksimalt førebudde når vi kjem til søndag, lover Reidar.
Kampstart (2. div.) Volda 2 – Storhamar 2 er laurdag 23. mars kl. 16.00
Kampstart (1. div.) Volda – Sarpsborg er søndag 24. mars kl. 17.00
Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang i Volda campus Sparebank1 arena