Velkomen til Volda, Bertine!
Førebuingane til neste sesong er godt i gang, og vi har gleda av å presentere Bertine Sundby Lunde som ny spelar for Volda.
Bertine er fødd i 2005 og har i år banka inn heile 159 mål for Fredrikstad 2, og er med det toppscorar i 2. divisjon (avd.2). Den unge sarpingen står også registrert med 17 juniorlandskampar, der ho ved fleire høve er blitt kåra til Norges beste spelar. Bertine spelar både ving og back, og gler seg til å kome til Volda. – Eg har fått eit godt inntrykk av klubben, og føler dette er eit bra steg for meg. Eg gler meg til å spele for Volda, og å møte den nye gjengen, fortel Bertine.
Trenar Reidar Møistad er svært godt fornøgd med å få Bertine til Volda. – Her får vi ein MEGET spennande spelar, fortel Reidar. – Ho har gode individuelle ferdigheiter, bra «attitude» og ei veldig positiv innstilling til å bidra inn i laget. Vi gler oss verkeleg til å få Bertine på plass i Volda, avsluttar Reidar.